Hopp til innhold
X
Innhald

Veronika

Veronika (plante) (latin Veronica), slekt i maskeblomsterfamilien med mest urteaktige planter med motsette blad og blå blomstrar. Av 300 artar veks om lag 20 i Noreg. Fleire av desse 10–40 cm høge urtene er svært vanlege, til dømes glattveronika, V. serpyllifolia, tviskjeggveronika, V. chamaedrys, og lækjeveronika, V. officinalis. I fjellet veks bergveronika, V. fruticans og fjellveronika, V. alpina. Fleire artar er dyrka som hageplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2013
Sist oppdatert: 03.04.2013