
Saksedyr. Foto: dnnya17, flickr.com
Innhald
Saksedyr
Saksedyr eller øyretvistar, Dermaptera, er ein orden av insekt med ufullstendig forvandling. Saksedyra har ei tong på bakkroppen, men trass i utsjånaden er dei ufarlege. Av om lag 1300 artar finst tre i Noreg. Vanleg saksedyr, Forficula auricularia, er eit nattdyr og gøymer seg om dagen. Hoa grev ein gang i jorda om hausten der ho overvintrar. Ho legg egga sine på seinvinteren. Saksedyr har primitiv yngelpleie.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012