
Skorpion. Foto: ombrosoparacloucycle, flickr.com
Innhald
Skorpion
Skorpionar, Scorpiones, er ein orden av edderkoppdyr. Dei kan vere mellom 1,2 og 18 cm lange. Bakkroppen har ein brei fremre del og ein smalare bakre del med giftbrodd på halespissen. Fremst har skorpionane to små klør, pedipalpar. Dei er forma som tenger.
Vi kjenner til om lag 1400 artar av skorpionar. Dei fleste held til i tropane. Dei er nattdyr og lever vesentleg av edderkoppar og insekt. Stikk av store skorpionar kan vere farlege for menneske. Desse artane lever mellom anna i Afrika og middelhavsområda. Det finst ikkje skorpionar i Noreg.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012