
Foto: Ståle Prestøy, flickr.com
Innhald
Stikkeveps
Stikkeveps, Vespidae, er ein familie av stilkveps, som er vår velkjende veps med gule og svarte striper på bakkroppen. Stikkeveps er utstyrte med ein giftbrodd. Det finst 13 artar av dei i Noreg. Stikkeveps lever i samfunn og byggjer bol av tremasse. Dei talrike arbeidarane er sterile hoer. Hannar og fertile hoer opptrer om hausten. Befrukta hoer, dronningar, overvintrar, medan resten av kolonien døyr ut.
Jordveps, Vespa vulgaris, byggjer bol i holrom i jord og bygningar. Bola til tysk veps, Vespula germanica, heng ned frå taket. Sjå veps.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 31.07.2014
Sist oppdatert: 31.07.2014