Tsetseflue
Tsetseflue, Tanzania
Tsetseflue. Begge kjønn suger blod.
Tsetseflue. Begge kjønn suger blod.
Lisens: CC BY SA 3.0
Tsetseflue
Tsetsefluene suger blod av varmblodige dyr og kan overføre sykdommen afrikansk sovesyke.

Tsetsefluger er ein familie av tovinger som lever i Afrika sør for Sahara. Dei er særleg kjende for å vera blodsugarar som stikk, og som smitteberarar av dødelege sjukdommar som afrikansk sovesjuke og nagana.

Faktaboks

Uttale
tsˈetsefluer
Etymologi
over engelsk og afrikaans fra et afrikansk språk
Vitskapeleg namn
Glossina
Beskriven av
Christian Rudolph Wilhelm Wiedemann, 1830

Namnet tsetse betyr «fluge» og kjem frå tswana (eit bantuspråk som blir tala i Sør-Afrika, Botswana, Zimbabwe og Namibia).

Beskriving

Tsetseflugene er om lag dobbelt så store som husfluger, opp til 2 centimeter lange. Dei har munndelane omgjort til ein kraftig spiss, som hjå nokre artar er kraftig nok til å bora gjennom huda på nashorn og elefantar. Som hjå dei fleste andre fluger består antennene av tre ledd, kor det tredje har eit langt følehår (arista) på ryggsida; hjå tsetseflugene er arista dessutan dekt av mindre hår og får eit fjørpreg. Vengene kan brettast over kvarandre og blir haldne over bakkroppen i kvile, og i vengemønsteret er den sokalla diskalcella karakteristisk forma som ei kjøtøks.

Levevis

Begge kjønn tsetsefluger er blodsugarar. Ulike artar ser ut til å spesialisera seg på ulike vertar, men dei fleste ser ut til å foretrekka svin.

Det er berre eitt egg som blir utvikla om gongen ved formeiring. Larva går gjennom tre hudskifter inne i bakkroppen til mora og får næring av eit mjølkeaktig sekret som ho produserar i eigne kjertlar. Etter det tredje hudskiftet vert larva «fødd» og grev seg umiddelbart ned i jorda og blir forpuppa.

Sjukdom

Tsetsefluger er overførarar av blodparasittar (trypanosomer) som framkallar dødelege sjukdommar hos menneske og husdyr. Afrikansk sovesjuke har tidlegare vore årsaka til større epidemiar i store område av Afrika, og i visse strøk har sjukdommen nagana umogleggjort husdyrhald. Antakeleg er storvilt, kanskje også andre dyr, berarar av smitte for denne sjukdommen, og bekjempinga er svært vanskeleg.

Utrydding av eller reduksjon av talet tsetsefluger (også kalla vektorkontroll, sjå vektor), inngår som ein viktig del av kampen mot sovesjuke, og dei viktigaste metodane som blir nytta, er bruk av akseptable insekticid og spesielle feller til fangst av flugene.

Systematikk

Det er kjend 23 nolevande artar av tsetsefluer, alle i Afrika sør for Sahara; to av artane finnest òg i sørlege delar av den arabiske halvøy. I tidligare tider var familien vidare utbreidd, då det finnest fossil av tsetsefluger i Paleogene lag frå både Tyskland og Nord-Amerika.

Dei næraste slektningane til tsetseflugene er lusefluger, som på same måte som tsetseflugene har mesteparten av larveutviklinga i mors abdomen. Saman med tre luseflugefamiliar dannar tsetseflugene gruppa Hippoboscoidea, som høyrer til i gruppa Calyptrata blant dei høgare flugene.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

tsetsefluger
Glossina
GBIF-ID
1456841

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg