
Veps. Foto: Gard Rimestad, flickr.coom
Innhald
Veps
Veps, Hymenoptera, er ein insektorden med minst 198 000 artar. I Noreg finst meir enn 3000 artar. Veps er 0,17—50 mm lange. Dei har bitande munndelar og to par hinneaktige vengjer. Dei har fullstendig forvandling.
Veps deler vi i to underordenar. Den eine er planteveps utan vepsetalje, mellom anna bladveps og treveps. Den andre underordenen er stilkveps med karakteristisk talje, mellom anna snylteveps, gallveps, stikkeveps, maur og bier. Hos broddveps er eggleggingsrøyret omdanna til ein giftbrodd.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012