Hopp til innhold
X
Innhald

Amfibium

Amfibium, Amphibia, er ei klasse av land- og vassdyr som er avhengige av fukt. Dei pustar med enkle lunger. Amfibium er vekselvarme og går i vinterdvale i tempererte strøk. Dei et insekt, sniglar, makk og liknande. Klassa har tre ordenar med om lag 4000 artar.
 
Den første ordenen er ormepadder, Gymnophiona. Dei er beinlause og liknar meitemakk. Dei lever i tropane.
 
Den andre ordenen er haleamfibium, Urodela, også kalla salamandrar. Dei liknar på øgler og har korte, svake bein. Dei lever vesentleg ved vatn. I Noreg har vi liten salamander, Triturus vulgaris, og stor salamander, Triturus cristatus.
 
Den tredje ordenen er halelause amfibium, Anura, det vil seie padder og froskar. Dei finst på alle kontinent unnateke Antarktis. Dei har stort sett ytre befruktning. Padder og froskar lever på land og/eller i vatn som vaksne. Dei har brei, klumpete kropp med kraftige bakbein. Padder og froskar omfattar om lag 1200 artar. I Noreg har vi tre av desse. Det er vanleg frosk, Rana temporaria, spissnuta frosk, Rana arvalis, og damfrosk, Rana lessonae. Den største europeiske arten er Rana esculenta. Han kan etast og er ein delikatesse i Frankrike. Paddene har vortehud. Vi har éin paddeart i Noreg. Det er padde, Bufo bufo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.10.2012
Sist oppdatert: 08.10.2012