Hopp til innhold
X
Innhald

Øgler

Øgler, Sauria eller Lacertilia, er ein underorden av krypdyr. Dei har langstrekt kropp, to par lemer, som kan mangle hos enkelte, og hud dekt av skjel. Dei har indre befruktning. Øglene omfattar om lag 3800 artar i 16 familiar, mellom anna gekkoar, iguanar, agamar, kameleonar, firfisler, tejuar, stålormar og varanar. Enkelte kan verte meir enn 50 år gamle i fangenskap. Det finst éin art firfisle og éin art stålorm i Noreg. Sjå også krypdyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012