
Smålom. Foto: Steve Garvie, flickr.com
Innhald
Smålom
Smålom, Gavia stellata, er ein 68 cm lang symjefugl. Han finst over heile landet. I Sør-Noreg held han stort sett til i høgareliggjande område. Smålomen hekkar berre ved ferskvatn. Føda er mest småfisk. Dei fleste smålomane overvintrar langs norskekysten, men nokre individ trekkjer til andre kystområde langs Nordsjøen.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 13.11.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012