
Foto: Craig Bennett, flickr.com CC BY -NC.jpg
Innhald
Bison
Bison høyrer til slekta Bison i oksefamilien. Dei er partåa hovdyr som tygg drøv. Amerikansk bison, også kalla buffalo, vart nesten utrydda av kvite innvandrarar i 1870-åra. Han vart så verna, og det finst no over 100 000 dyr. Opphavleg fanst det ca. 60 millionar individ. Visent, som er namnet på europeisk bison, vart utrydda i 1919. Dyr frå dyrehagar er sette ut i Polen og Russland.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013