
Dachs. Foto: Bill Kuffrey, flicke.com CC BY
Innhald
Dachshund
Dachshund vart tidlegare kalla grevlinghund. Han har låg, lang kropp. Han er opphavleg ein tysk jakthund, men vert no også brukt som selskapshund. Dachshunden finst i tre storleikar: dachshund, dvergdachshund og kanindachshund, og han finst i tre hårlagtypar: kort-, lang- og strihåra. Fargane er oftast brun og raud, svart og raud eller viltfarga.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 17.04.2013
Sist oppdatert: 17.04.2013
Sist oppdatert: 17.04.2013