
Foto: Vince Smith flickr.com CC BY-SA.jpg
Innhald
Marsvin
Marsvin, Cavia porcellus, høyrer til familien marsvinliknande gnagarar i ordenen til gnagarane. Det er eit halelaust, noko klumpete dyr med korte lemer og øyre. Dyret er 20–25 cm langt. Marsvinet stammar frå Peru, der det vart halde som tamdyr av indianarane for kjøtet si skuld. Det kom til Europa på 1500-talet. Marsvinet er eit viktig forsøksdyr i laboratorium. Det har lang drektigheitstid, ca. ni veker, og føder éin–tre ungar. I Sør-Amerika finst det ca. fjorten ville artar.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013