
Foto. "Travis", flickr.com CC BY-NC.jpg
Innhald
Moskusfe
Moskusfe, Ovibos moschatus, er ein drøvtyggjar av oksefamilien. Han har ei skulderhøgd på ca. 1,65 meter og ei vekt på opptil 450 kilo. Han er langragga og nærmare i slekt med sauar enn med storfe. Moskusfe finst i Nord-Canada og på Grønland. Det vart innført til Svalbard i 1929, men døydde ut der ca. 1983. Moskusfe vart innført til Dovre i 1932 og seinare. Dovre-stammen har greidd seg bra, og i 2012 talde han ca. 300 dyr. Somme dyr har utvandra til Sverige. Moskusfe gir fin ull, men dyret er vanskeleg å halde som husdyr.
Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013