Hopp til innhold
X
Innhald

Samojedhund

Samojedhund eller spisshund er eigentleg ein reingjetar- og trekkhund hos samojedane i det nordlege Russland. Hunden har vore populær i England frå 1900-talet, og rasen er no sterkt forandra. Han har kvit og rikeleg pels. Hannhunden har ei mankehøgd på ca. 57 cm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.08.2013
Sist oppdatert: 16.08.2013