Hopp til innhold
X
Innhald

Sau

Sauar har vore haldne som husdyr i ca. 6000 år. 

Tamsau, Ovis aries, nedstammar frå vill muflonsau og asiatiske villsauar. Sauar har vore haldne som husdyr i ca. 6000 år. Sauar er partåa hovdyr. Dei er slirehorndyr og drøvtyggjarar. Pelsen har lange dekkhår og kortare ullhår.

Det finst mange foredla rasar, blant anna merinosau, som vert rekna for den beste ullrasen. I Noreg er dalasau mest utbreidd. 

Om lag 2,1 millionar sauar er på utmarksbeite kvart år, i tillegg vert det halde ca. 300 000 på innmarksbeite.

Video: Sjå video av sau som lammar.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.08.2013
Sist oppdatert: 11.08.2017