Hopp til innhold
Foto: "AlexRK" flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: "AlexRK" flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Snømus

Snømus, Mustela nivalis, er ein rovdyrart som høyrer til mårfamilien. Det er det minste rovdyret i Noreg med ei totallengd på 19–23 cm for hannen og 17–18 cm for hoa. Halen er på 3–7 cm. Snømusa har raudbrun sommardrakt og snøkvit vinterdrakt, utan svart haletipp, til forskjell frå røyskatt, som ho er svært lik. Snømusa får tre–sju ungar i april–mai. Ho lever mest av lemen og mus, og ho finst over heile landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2013
Sist oppdatert: 22.03.2017