Hopp til innhold
Foto: Asier Sarasuva Aranberri flickr.com CC BY-SA.jpg
Foto: Asier Sarasuva Aranberri flickr.com CC BY-SA.jpg
X
Innhald

Spissmus

Spissmus, Soricidae, er ein familie av små insektetarar. Dei liknar på mus, men har lang, spiss snute med skarpe tenner og fem tær. Det finst over 300 artar i heile verda, med unnatak av Australia og dei mest ekstreme polarstrøka. I Noreg finst det seks artar. Til slekta Neomys høyrer vass-spissmusa, og til slekta Sorex høyrer vanleg spissmus, taigaspissmus, lappspissmus, dvergspissmus og lita dvergspissmus. Spissmusa finst over heile Noreg, medan lappspissmusa berre held til i Troms og Finnmark og taigaspissmusa berre lever i og omkring Østerdalen. I Sør-Europa og Asia finst pygméspissmus, Suncus etruscus, som er det minste av alle marklevande pattedyr. Ho har ei vekt ned mot 1,2–2 g. Trespissmus, som høyrer til ordenen Scandentia, vart tidlegare ført til primatane, og var oppfatta som ei overgangsform mellom insektetarar og aper.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013