Hopp til innhold
Foto: "meg hourihan" flickr.com CC BY-NC.jpg
Foto: "meg hourihan" flickr.com CC BY-NC.jpg
X
Innhald

Storfe

Storfe eller kveg eller tamfe, Bos taurus, er partåa hovdyr som høyrer til oksefamilien. Hannen vert kalla okse eller stut, hoa vert kalla ku. Kvige er hoa frå eittårsalder til første kalving. Kua har ei drektigheitstid på 267–300 døgn. Tygginga skjer sidelengs, slik at plantekosten vert male. Dei manglar framtenner i overkjeven. Halen er lang med ein kort dusk. Storfeet har fire magar. Dei er vomma, nettmagen, bladmagen og løypemagen. Storfeet har to klauver og to biklauver. Oksen vart teken i bruk som trekkdyr i det vestre Asia for over 6000 år sidan. Alle storferasar stammar frå uroksen, Bos primigenius, som no er utdøydd. Nærmast uroksen står det søreuropeiske «steppekveget», som Columbus førte til Amerika. Der dannar det no store hjorder på pampasen i Sør-Amerika. Nærståande er også den asiatiske og afrikanske sebuen. I dei siste åra har det gått føre seg store endringar med storferasane i Noreg. Talet på storfe i Noreg var i 2012 på 861 270 dyr. Somme av rasane er kryssa med større rasar og har seinare gått inn i desse. Dessutan har norsk raudt fe, NRF, som er ein av dei største rasane, spreidd seg til dei fleste strøk av landet, både ved reinavla dyr og ved krysning. Både raudt trønderfe og raudt kolla austlandsfe er slått saman med NRF. Telemarksfe er også i visse strøk kryssa med NRF og har dermed gått inn i denne rasen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013