Hopp til innhold
X
Innhald

Storflaggermus

Storflaggermus eller flygehundar, Megachiroptera, er ein eigen underorden innanfor flaggermusene sin orden. Det finst ca. 175 artar av dei. Dei har hundeliknande hovud og lever av frukt. Dei kan måle opptil 1,5 meter mellom vengespissane. Storflaggermus lever i Malaysia, Afrika, Australia og India.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.02.2013
Sist oppdatert: 19.02.2013