Hopp til innhold
Foto: Gilles Gonthier flickr.com CC BY.jpg
Foto: Gilles Gonthier flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Stripeekorn

Stripeekorn høyrer til slektene Tamias og Eutamias. Dei førekjem i ca. seksten artar frå Sibir til Korea, og dei finst i Nord-Amerika. Stripeekorna har ein meir langstrekt snute enn vanleg ekorn. Dei har store kjeveposar til å frakte mat i. Dei lever i skogstrakter, men held for det meste til på bakken i holer dei grev ut. I Nord-Amerika vert dei kalla «chipmunks». I Sibir lever burunduken. Nære slektningar til stripeekorna er jordekorna.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013