Hopp til innhold
Foto: Joachim S Müller flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Joachim S Müller flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Tiger

Tiger, Panthera tigris, er ein art av kattefamilien. Han er gulbrun med svarte tverrstriper. 

Det finst seks nolevande underartar av tigeren. Tigeren finst i tolv land: Bangladesh, Bhutan, Burma, Kina, India, Indonesia, Laos, Malaysia, Nepal, Russland, Thailand og Vietnam. 

Den mest kjende er kongetiger, også kalla bengalsk tiger. Arten sibirsk tiger er verdas største kattedyr. Hannen kan verte opptil fire meter lang, inkludert halen. Han kan ha ei skulderhøgd på 91 cm og vege 300 kg. 

Tigeren er totalfreda, og det er ca. 4000 dyr igjen i verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.09.2013
Sist oppdatert: 16.02.2018