Hopp til innhold
Foto: Peter Trimming flickr.com CC BY.jpg
Foto: Peter Trimming flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Vånd

Vånd eller jordrotte eller vassrotte, Arvicola terrestris, er ein smågnagar i familien hamsterliknande gnagarar. Dyret har mørkebrun rygg. Kroppen kan verte opptil 20 cm lang, halen opptil 15 cm. Vånden grev gangar i jorda og kan skade rotvokstrar. Han finst i omtrent heile Noreg, særleg ved vatn og på dyrka mark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.09.2013
Sist oppdatert: 02.09.2013