Hopp til innhold
X
Innhald

Aktiv dødshjelp

Aktiv dødshjelp, det at ein person med overlegg tek livet av ein pasient, eventuelt hjelper pasienten med å gjere sjølvmord.

Aktiv dødshjelp, det at ein person (oftast ein lege) med overlegg tek livet av ein pasient (sjå eutanasi), eventuelt hjelper pasienten med å gjere sjølvmord (sjå legeassistert sjølvmord). Aktiv dødshjelp føreset at pasienten er samtykkjekompetent og uttrykkjeleg har bede om å få døy. Handlinga må ha som klart føremål at pasienten skal døy der og då.
Det å avslutte ei behandling som held oppe livet til pasienten, eller å unnlate å starte opp behandling som forlengjer livet hennar/hans, blir ikkje rekna som aktiv dødshjelp (sjå behandlingsavgrensing). Det blir heller ikkje rekna som aktiv dødshjelp dersom pasienten døyr som ein biverknad av smertelindrande medisinar (den såkalla dobbelteffekten), fordi føremålet med behandlinga då er å lindre smerter, ikkje å ta livet av pasienten.
Aktiv dødshjelp er forbode etter norsk lov og heller ikkje tillate i etiske reglar for norske legar. Det er elles eit heftig debattert spørsmål i dei fleste vestlege landa. Nederland, Belgia og Luxemburg tillèt eutanasi. Sveits og dei amerikanske delstatane Oregon, Washington og Montana tillèt legeassistert sjølvmord.

Først publisert: 09.07.2012
Sist oppdatert: 20.03.2017