Hopp til innhold
X
Innhald

Demens

Demens er ei gruppe hjernesjukdomar som fører til generell svikt i minnet, intellektuelle evner og orienteringssans, og som er vanlegast hos eldre menneske.

Viss tilstanden kjem før fylte 65 år, vert han kalla presenil demens. Kjem han seinare, vert nemninga aldersdemens eller senil demens brukt.
 
Demens kan vere ein eigen sjukdom, til dømes Alzheimers sjukdom, eller kome etter hjerneslag, vaskulær demens, hovudskadar, langvarig alkoholforbruk, forgiftingar, stoffskiftesjukdomar og ernæringsmangel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 01.11.2013