Hopp til innhold
X
Innhald

Kiropraktikk

Kiropraktikk er ein behandlingsmetode som byggjer på den føresetnaden at årsaka til smerter i rørsleapparatet er små forskyvingar, sublukasjonar, i ryggrada, slik at ryggmargsnervane i nakke og rygg kjem under trykk. Dette skal kunne rettast på med spesielle handgrep, såkalla manipulasjonar. Kiropraktikken vart lansert av amerikanaren Daniel David Palmer (1845–1913) i 1895.
 
Kiropraktor er yrkestittelen på ein som praktiserer kiropraktikk. Etter tilvising frå lege kan behandling hos ein kiropraktor dekkjast av Folketrygda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012