Hopp til innhold
X
Innhald

Patologi

Patologi kjem frå det greske ordet pathos som tyder liding, og logos som tyder ord, lære, og er læra om sjukdomane. I våre dagar omfattar patologi i størst grad den medisinske spesialgreina patologisk anatomi som studerer endringar i sjuke celler, vev og organ. Ein skil tradisjonelt mellom generell patologi som tek for seg prinsippa for dei sjuklege endringane, og spesiell patologi som studerer sjukdomane i dei einskilde organa. Ein patolog er ein person som er spesialist i patologi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.01.2013
Sist oppdatert: 07.03.2014