Innhald
Pessar
Pessar er ein ring som vert lagd inn i skjeden, og som vert brukt i to situasjonar: Den eine er i behandling av livmorframfall. Då held ein stor, kraftig ring eller bøyel livmorhalsen på plass. Den andre er å for å hindre befruktning. Då dekkjer eit tynt gummipessar livmormunnen, gjerne i kombinasjon med ein sæddrepande salve. Tilpassing og første innsetjing av pessar bør gjerast av ein lege eller ein anna sakkunnig person. Sjå prevensjon.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 08.01.2013
Sist oppdatert: 08.01.2013
Sist oppdatert: 08.01.2013