Hopp til innhold
X
Innhald

Rabies

Rabies, smittsam dyresjukdom.

Rabies eller hundegalskap er ein smittsam dyresjukdom som kan ramme alle varmblodige dyr og verte overført til menneske gjennom bitt av sjuke dyr, vanlegvis hundar. Sjukdommen har også blitt kalla hydrofobi som tyder vasskrekk.

Smittestoffet er eit virus som vert overført med spytt i bittsår frå dyr til dyr og frå dyr til menneske. Viruset følgjer nervebanane til hjernen. Inkubasjonstida kan vere frå to veker opp til to år.

Rabies hos menneske har ikkje funnest i Noreg sidan 1815 og hos dyr sidan 1826, men har etter 1945 spreidd seg i Europa, særleg med revar, og har lenge truga sørgrensa til Danmark. I 1980 vart rabies påvist hos polarrev på Svalbard, og igjen i 2011. Dei norske karantenereglane vert derfor handheva svært strengt. Flaggermusrabies vart første gong påvist i Noreg i 2015.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 29.09.2020