Hopp til innhold
HIV-infisert celle. Foto:Plosone.org CC-BY
HIV-infisert celle. Foto:Plosone.org CC-BY
X
Innhald

Smitte

Smitte er åtak frå smittestoff, det vil seie mikroorganismar som framkallar infeksjonssjukdomar.

Ofte kjem smitta gjennom mat og drykk, altså mage- og tarminfeksjonar, eller luft, som influensa eller forkjøling, kombinert med svekt motstandskraft hos den smitta.
 
Somme smittestoff vert overførte gjennom insektstikk, til dømes malaria, og dyrebitt, til dømes rabies. Andre vert overførte i nær kontakt med personar som alt er smitta, til dømes kjønnssjukdomane. Smitte kan òg overførast gjennom blodkontakt, til dømes hepatitt B og HIV.
 
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 09.03.2017