Innhald
Osteopati
Osteopati (frå gresk osteon, knokkel og pathos, liding), medisinsk, knokkelliding i det store og heile, er eit manuelt behandlingssystem basert på at kroppen har evna til å lækje seg sjølv. Osteopaten aukar denne evna gjennom å behandle musklar, ledd og bindevev i heile kroppen. Behandlinga vert brukt ved smerter og plager, både som akutt og førebyggjande behandling. Osteopati vart presentert i USA i 1874 av dr Andrew T. Still og har vorte utbreidd i Vesten, særleg etter den andre verdskrigen. Metoden har òg vore grunnlag for forsking. Den norske osteopatiutdanninga starta i 1997.Yrket er førebels ikkje underlagt autorisasjon.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012