Tuberkulin
Tuberkulin, delvis reinsa preparat som er framstilt frå tuberkelbasillar. Ei tuberkulinprøve er ei prøve for å påvise smitte med tuberkulose.
I Noreg var pirquetprøva mest nytta fram til 2004, då ein som siste land i verda skifta metode for å påvise tuberkulose og erstatta pirquetprøva med Mantoux' prøve. Alle som er smitta med tuberkulose, får positiv tuberkulinreaksjon, sjølv om sjukdomen ikkje vert utvikla. IGRA-test, som er ei blodprøve, blir i dag òg brukt for diagnostisering av tuberkulose.
BCG-vaksine vart tatt inn i det norske barnevaksinasjonsprogrammet i 1947. Fram til 1995 var BCG-vaksinasjon påbode med lov. Etter det var vaksinen med i barnevaksinasjonsprogrammet til og med skuleåret 2008—09. I dag vert BCG-vaksine berre gitt til dei med høg risiko, til dømes born av foreldre som kjem frå land med høg førekomst av sjukdommen.
Kjelder
Folkehelseinstituttet: «Tuberkulose», fhi.no, sist oppdatert 30.9.2015: https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/tuberkulose [lesedato 14.3.2017].
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 14.03.2017