Seksuelle overgrep
Seksuelle overgrep er fysisk eller psykisk utnytting av barn eller vaksne gjennom seksualitet.
I straffelova kapittel 19 skil ein mellom seksuelt krenkande eller annan uanstendig åtferd, seksuell handling og seksuell omgang. Den seksuelle lågalderen i Noreg er 16 år, og all seksuell omgang med barn under 16 år er straffbart, uavhengig om barnet samtykkjer eller sjølv tok initiativet.
Seksuelle overgrep omfattar alt frå blotting til framvising av pornografi, incest og valdtekt. Strafferamma for grove seksuelle overgrep er 21 år, men i praksis er det sjeldan av straffa vert 21 år.
Forsking viser at omlag sju prosent av kvinnene og tre prosent av mennene er utsett for seksuelle overgrep i oppveksten, men det er grunn til å tru at det er store mørketal.
Sist oppdatert: 25.10.2017