Hopp til innhold
X
Innhald

Borg

Borg, ein verna bustad eller tilfluktsstad. Borgene vart ofte oppførte på utilgjengelege stader som var lette å forsvare. I mellomalderen var gjerne borga ein stormannsbustad, verna av ein ringmur med tårn, eit porttårn med fallgitter, og ei vindebru over ei vollgrav som oftast var fylt med vatn. Då kanonar vart tekne i bruk i krigføringa hadde ikkje lenger borgene nokon militær relevans.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012