Innhald
Divisjon
Divisjon, ei operativ eining i dei fleste større armear, med to til fire brigadar samt støtte- og forsyningsavdelingar. Ein divisjon kan ha frå 7000 til 20 000 soldatar, avhengig av oppdrag og type divisjon, og kan føre sjølvstendig strid over eit lengre tidsrom. I dag finst infanteridivisjonar, mekaniserte divisjonar, panserdivisjonar, luftlande- og luftmobildivisjonar, og marineinfanteridivisjonar. Tidlegare fanst òg artilleridivisjonar, bergdivisjonar og kavaleridivisjonar. Fleire mindre armear går no vekk frå løysinga med divisjon som ein fast organisert avdelingstype.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012