Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdinand Porsche

Ferdinand Porsche, tysk bilkonstruktør. Han vart fødd 3. september 1875 og døydde 30. januar 1951. Han konstruerte mellom anna Volkswagen «Boble» i 1930-åra, og bilprodusenten Porsche er kalla opp etter han. Under andre verdskrigen arbeidde han for den tyske hæren og konstruerte panser- og stridsvogner, mellom anna stridsvognene Tiger.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012