
Korvett. Foto: Simon Tout, flickr.com CC BY
Innhald
Korvett
Korvett (av fransk), militær nemning på to ulike typar skip. For det første kan det vise til eit full- eller barkrigga, hurtigseglande krigsskip som vart brukt på 1800-talet. For det andre kan omgrepet vise til eit spesialbygd krigsskip på 600–1300 tonn for konvoi- og patruljeteneste. Slike skip er utstyrte med mellom anna anti-ubåtvåpen, kanonar og missil. MTB-ar i «Skjold»-klassen i Sjøforsvaret blir kalla kystkorvettar.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013