Hopp til innhold
X
Innhald

Slagskip

Slagskip var tidlegare dei største og kraftigaste fartøya i krigsflåtane til stormakter. Slagskipa kunne ha deplasement på opptil 65 000 tonn. Dei hadde 16 tommars kanonar, var sterkt pansra, og hadde ein toppfart på rundt 30 knop. Slagskipa er ikkje lenger i teneste, då den sjømilitære utviklinga har gjort dei mindre tenlege. Det gjeld òg slagkryssarar, som var slagskip med lettare pansring og skyts, men med høgare toppfart.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.02.2012
Sist oppdatert: 13.02.2012