Hopp til innhold
X
Innhald

Dadaisme

Dadaisme (av dada, fransk barneord for ’kjepphest’, derav ’fiks idé’) er ei retning i kunst og litteratur mellom kubisme og surrealisme.

Dadaismen oppstod i Zürich i 1916 og hadde ei kort blomstring fram til 1922. Dadaistane ønskte å sprengje alle estetiske konvensjonar og provosere publikum. Dei laga tilstellingar med dans, film, opplesing, bruk av collage, funne objekt (objet trouvé) og fabrikkprodukt (ready-mades). I tillegg la dei stor vekt på kor viktige tilfeldigheitene var i den kunstnariske skaparprosessen.

Viktige representantar er mellom andre Tristan Tzara, Hans Arp, Max Ernst og Hugo Ball.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016