Hopp til innhold
X
Innhald

Empire

Empire [ãpir] (fransk ’keisardømme’) er namn på den seinare perioden av nyklassisistisk stil som nådde høgdepunktet sitt under Napoleon I (i Noreg ca. 1810–40).

Han er inspirert av former og ornament frå antikken (den romerske keisartida og det gamle Egypt), og han er prega av enkle, rolege, stringente former og reine flater.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016