Hopp til innhold
X
Innhald

Plagiat

Plagiat (nydanning av latin plagiarius, ’(menneske)ranar’) er ulovleg bruk av verna åndsverk, til dømes ved kopiering av verket utan samtykke frå rettshavaren.

Dei norske lovreglane om dette finn ein i åndsverklova av 12. mai 1961.

Ein plagiator er ein som etterliknar andre sine kunstverk og gir dei ut som sine eigne. Å plagiere vil altså seie å etterlikne og gi ut som sitt eige.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 19.10.2016