Hopp til innhold
X
Innhald

Renessansen

Renessansen (av fransk renaissance, ’atterføding’) var frå ca. 1860 ei vanleg nemning på ein kulturepoke i Europa som varte frå ca. 1350 til 1650.

I renessansen gjekk ein frå det kyrkjelege livssynet i mellomalderen til eit meir individualistisk, vitskapsbasert livssyn, med grunnlag i – og som ei atterføding av – ideala frå antikken.

Renessansen byrja i Italia med oppløysinga av mellomalderen, og han spreidde seg til heile Europa. I dag er ein klar over at det er tale om ei gradvis endring av kulturlivet i samband med samanbrotet av føydalismen og framveksten av kapitalismen. Mektige borgarfamiliar, som til dømes Medici i Firenze, voks fram, og dette gjekk ut over kyrkje og adel.

Renessansen er prega av ei sterk interesse for enkeltmennesket. Petrarca, Boccaccio og Shakespeare fornya litteraturen, medan Kepler og Copernicus forandra verdsbildet. Dei nye ideane vart spreidde med boktrykkjarkunsten (Gutenberg, 1456). Mot slutten av renessansen utvida europearane erobringane sine til nye kontinent.

Som stilperiode blir renessanseomgrepet brukt om europeisk kunst mellom gotikken og barokken, dvs. mellom ca. 1400 og 1600. I måleri og relieff utvikla ein større meistring av anatomi og utforming av linje- og luftperspektivet, og rundskulpturen fekk ei oppblomstring. I arkitekturen kom det ei ny harmonisk likevekt og vekt på å vere lovbunden. Viktige målarar var mellom andre Masaccio, Botticelli, Leonardo da Vinci, Rafael, Dürer og Jan van Eyck. Mellom bilethoggarane kan ein nemne Donatello, Ghiberti og Verrocchio, og mellom arkitektane finn ein Brunelleschi og Bramante. Michelangelo briljerte i alle kunstartane. Renessansen kom til Noreg kring 1550. Fleire altartavler er bevarte, og innanfor arkitekturen har ein til dømes Rosenkrantztårnet i Bergen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 19.10.2016