Hopp til innhold
X
Innhald

Skulpturlandskap Nordland

Skulpturlandskap Nordland er eit internasjonalt kunstprosjekt som vart gjennomført i 1992–98 i Nordland fylke.

Under prosjektet vart det plassert ut skulpturar utandørs i 33 kommunar. Ideen var at skulpturane skulle gå inn i ein dialog med omgivnadene. I dag utgjer skulpturlandskapet ei av dei største permanente samlingane av utandørs samtidskunst i verda. Mellom kunstnarane som var med, finn vi Per Barclay og Inghild Karlsen frå Noreg, Anthony Gormley frå England og Marcus Raëts frå Sveits.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016