Hopp til innhold
X
Innhald

Fløy

Fløy er ein sjølvstendig del av bygningar som har éi hovudfløy og sidefløyer i vinkel med denne.

I militær samanheng viser ordet til dei ytste endepunkta av ei avdeling eller dei delane av ei forsvarsstilling som ligg på begge sidene av sentrumet (høgre og venstre fløy).

Ei vindfløy, til dømes ein vimpel, smal, spiss pose eller ei metallskive som bevegar seg på toppen av ei stong, viser vindretninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016