Hopp til innhold
X
Innhald

Møbel

Møbel (av latin mobilis, ’flyttbar’) er nemning på innreiingsgjenstandar som kan flyttast, som bord, stolar, senger og skåp.

Dei vanlegaste møbeltypane går tilbake til Egypt i oldtida. Fordi dei er nær knytte til til bustadforma, klesdraktene og livsstilen til menneska, speglar dei den herskande tidsånda i dei ulike epokane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016