Hopp til innhold
X
Innhald

Universitetsbygningane i Karl Johans gate i Oslo

Universitetsbygningane i Karl Johans gate i Oslo vart bygde i 1840–53 i nyklassisistisk stil.

Arkitekt var Christian Henrik Grosch, og han fekk avgjerande hjelp av den tyske arkitekten Karl Friedrich Schinkel. Dei tre bygningane representerer det ypparste av norsk bygningskunst i perioden og rammar inn Universitetsplassen, som etter byplanen til Linstow skulle ha vore den eine halvparten av ein større plass med tre bygningar på den andre sida av gata.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 23.09.2016