Villa Farnesina
Villa Farnesina (opphavleg Villa Chigi) er ein praktvilla i Roma.
Han vart oppført i 1506–11 og er rekna som ein av dei første praktvillaene i renessansen. Utsmykkingane er av mellom andre Sodoma, Peruzzi og Rafael. Av Rafael kan ein nemne den kjende fresken Triumfen til Galatea frå ca. 1512.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 31.10.2016