Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Eide

Arne Eide, 1881–1957, var arkitekt og arkitektskribent.

Eide samarbeidde med C.F.J. von Munthe af Morgenstierne frå 1909. Han teikna Egne hjem-kolonien på Ekeberg (1910), men også fleire monumentalbygg i Oslo, som Torggata Bad i nyklassisisme (1920–28) og Aker Sparebank og Folketeaterbygningen (begge 1932–33), med funksjonalistiske trekk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016