Hopp til innhold
X
Innhald

Gottfried Semper

Gottfried Semper, 1803–79, var tysk arkitekt, hovudsakleg i nyrenessansestil.

Semper stod mellom anna bak hoffteateret i Dresden (1838–41; etter brannen byrja ein på eit nytt teater i 1869). Vidare teikna han eit utkast til Wagnerteater i München (1866) og var medarbeidar ved Burgtheater i Wien, etter eit utkast frå 1873. Semper gav ut verket Der Stil (1860–63).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016