Hopp til innhold
X
Innhald

Jacques-Germain Soufflot

Jacques-Germain Soufflot [soflå], 1713–80, var fransk arkitekt.

Til hovudverka hans reknar ein mellom anna kyrkja Sainte-Geneviève (1764–81) i Paris, som sidan den franske revolusjonen har vore kalla Panthéon, og som frå 1791 har vore minnehall og gravplass for dei viktigaste personane i Frankrike. Soufflot innleidde nyklassisismen i fransk arkitektur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016