Hopp til innhold
X
Innhald

Johann Balthasar Neumann

Johann Balthasar Neumann, 1687–1753, var tysk arkitekt og den fremste representanten for den festlege, dynamiske, sørtyske barokken.

Han teikna mellom anna slottet i Würzburg (1720–44), eit trappehus i slottet Brühl ved Köln (1743–48) og kyrkja Vierzehnheiligen (1743–72).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016